memoar

Seminar i Varangerbotn 31. august

Eit krafttak for munnleg historie i Noreg

Munnleg historie er ein metode for å samla, ta vare på og utforska stemmene og minnene til grupper, samfunn og enkeltmenneskje.

Det er den aller eldste forma for historisk undersøking – eldre enn skriftlige nedteikningar. Som fylgje av den teknologiske utviklinga er det også den mest moderne.

Sidan 1940-talet har det vore mogleg å ta vare på stemmene og historiane til ganske mange personar med bruk av magnetband. I dag står me midt i ein ny teknologisk revolusjon, som har utstyrt oss med topp fungerande bærbart digitalt opptaksutstyr – i mobiltelefonen.

Me som står bak denne invitasjonen, ynsker å starta ei ny bylgje med innsamling av munnleg historie i Noreg. Me vil gjera det enkelt å samla og lagra intervju-opptak og sjølvbiografiske tekstar. Då trur me mange vil sjå nytta i dette – og få lyst til å vera med!

Les mer:

http://krafttak.memoar.no/home

http://krafttak.memoar.no/aust-finnmark

15.08.2018 Bent Johansen
Tips en venn Tips en venn Skriv ut Skriv ut